«ALLSTØTT GAMA»

No har me jo ein tradisjon, seier Kim Rysstad. For tredje året på rad held han jolekonsert i Vennesla.

– Me greide å få det til i fjor under pandemien også, men konserten i teltet for to år sidan var ekstra stor, seier Kim.

I år held han cirka ti julekonsertar, og han var aldri i tvil om å svare ja då forespurnaden kom frå Julegada. –  Viss ikkje dei hadde ringja, måtte eg ha gjort det, ler han.

Kim likar seg veldig godt i Vennesla, og han har gjort mange ting i Vennesla opp i gjennom. –  Venndølane liker tydelegvis meg, og eg likar dei. Vennesla er ein flott plass å spele og synge. Det er allstøtt gama å kome til Vennesla, seier han.

Kim lover både tradisjonelle jolesonger og det programmet han er kjend for, men også noko nytt og annleis. Basisen er joleplata han ga ut for nokre år sidan saman med London Philharmonic Orchestra. Det blir alt frå folketoner til Whitney Houstonballadar i ei herleg joleblanding. – Eg kan ikke forandre for mykje, for folk vil jo ha meg på den måten dei kjenner meg, seier han. Me kan uansett garantere ei stor konsertoppleving i PM5 under Jolegada.

KJØP BILLETT TIL KIM RYSSTAD PÅ JULEGADA.NO